Hardinglaup 2020

INFORMACJE O IMPREZIE





ALLE MANN TIL HARDANGER!


Er du robust nok til å takla høgfjellet på vinterstid åleine utan sikt?
Har du røynsle frå lange turar på fjellski i umerka høgfjellsterreng?
LES ALL INFOEN UNDER OG MELD DEG PÅ - ÅLEINE ELLER PÅ LAG!

FYLG MED PÅ DELTAKARPRESENTASJON OG ANNA MORO PÅ HARDANGER ÅTGAUM SI FB-SIDE

Sjå filmen frå løpet i 2017 og få inspirasjon!


Hardinglaup

Velkomen til verdas einaste klassiske langlaup på fjellski! Det finst fleire ferdselssleper mellom hardingane og vossingane. Dette løpet er av dei lengste og mest krevjande. Motbakkar, tronge dalar, vekslande føre, kvasse utforkøyringar. Her krevst nøyaktig orientering og fjelldugleik for å gjennomføra. Traseen byggjer ei brutal, men venleg bru mellom Hardanger og Voss. 

Tida er no inne for å tilby fjellfolk i Noreg ein ekte kappestrid. Velkomen som deltakar på hardinglaupet mellom Voss og Hardanger. Hardinglaupet markerer starten på ein ny type skirenn i Noreg: dagslanglaup på fjellski i umerka løyper i høgfjellet med strenge krav til deltakarar. Desse krava til deltakarar fordrar også strenge krav til arrangør.


Umerkt og krevjande høgfjellsterreng byd på solid utfordring. Foto: Vegard Breie


Ta turen på lag med ein god ven og del utfordringa! Foto: Vegard Breie

Klassar

Løpet høver for deg med solid høgfjellsrøynsle. Du bør kunne visa til dokumenterbar røynsle innan høgfjellsferdsel og trivast med å orientera i høgfjellet utan sikt. Påmelding og betaling direkte.

Individuell:

- herre og dame

Lagklasse:

- 2 personar. Alle skal gå heile traséen og koma i mål samla. Ingen kjønnsklasse.
- 3 personar. Alle skal gå heile traséen og koma på sjekkpunkt og i mål samla. Ingen kjønnsklasse.

Aldersgrense: 18 år

Deltakaravgift

Individuell klasse: 1500 kr per pers

Lagklasse 2 pers: 2600 kr per lag

Lagklasse 3 pers: 3300 kr per lag

Prisen inkluderer:

- deltaking i verdas einaste ultramaraton på fjellski!
- transport frå Øystese sentrum til start Hodnaberg arrangementsdag
- dusjfasilitetar og garderobe ved målgang
- mat og drikke ved målgang
- deltakarpremie
- satellittbasert sporingseining
- tryggleikshandsaming frå handplukka personell.

Billet til den gruse banketten og eit overnatting kjøper du samstundes som du kjøper startkontingent til løpet.

Vilkår

Påmelding til løpet skjer direkte på nettsida.

Terskelen for avlysing er høg og kostnadane for arrangør ved gjennomføring og avlysing er like. Arrangøren har såleis ikkje høve til refusjon av deltakaravgifta.

Tildelt plass kan ikkje overførast til andre.

Overnatting

Me tilbyd overnatting med suvlig frukost i Holmatun natt til løpsdagen. Kr 500 per pers. Ta med sovepose og liggjeunderlag. Kan kjøpast ved påmelding.

Etter banketten laurdag tilrår me overnatting på nyopna Hardangerfjord Hotell. Du får ein rabattkode i kvitteringa her som du brukar ved tinging der.
Prisar (NB! Kun for løparar som har registrert og kjøpt plass på løpet)
- 925,-/1850,- (ei natt/to netter) pr pers i enkeltrom
- 598,-/1195,- (ei natt/to netter) pr pers i dobbeltrom
- 565,-/1130,- (ei natt/to netter) pr pers i trippeltrom
- 65,-/pr pers for nistepakke frå frukosten

Me har også ein flott bukett med tilbydarar av husrom i bygda med sjel og særpreg. Alle ligg sentralt og har svært gode fasilitetar. Ta kontakt med dei direkte!
Mo gardsferie: http://www.mogardsferie.no
Vetlemyrane gard: http://www.vetlemyrane.no
Sjøtunet: http://www.sjotunet.no
Hardanger Feriesenter: http://www.hardanger-resort.com

Trasè

Starten av løpet går frå Hodnaberg. Stigning heilt til toppen av Sveindalsnuten og ned til Løkjesdalen. Brutalt bratt opp til Løkjesdalstjørnane. Fylg instruks frå mannskap i botnen av bakken. Vidare mot Blåkoll og ned i Kyrkjeviki ned på Hamlagrøvatnet og forbi stølane i Søre Hamlagrø. Herifrå slak stigning heile vegen til vasskiljet øvst i Solheimedalen. Deretter opp i krevjande høgfjellsterreng i dalstroka Fossavatnet, Øvre Fulgadalsvatnet og Søre Fugladalen og ned på Myklavatnet. Vidare kurs mot Norheimsdalen og ned i skiløypene mot Sjusete. På parkeringsplassen på Sjusete hiv ein skia på sekken og spring om lag 5 km på veg til målgang ved Holmatun i Øystese. Dersom ufarbare forhold opp Løkjesdalen vert ruta lagt om.

Løpet er 37 km langt med50 m stigning og 2000 m fall.

GPS-spor

Alle deltakarar pliktar å fylgja same løype og skal lasta ned og leggja inn GPX-fil på førehand.
Sporet kan du også gjennomgå på Lommekjent. Ferdsel som går vesentleg utanfor arrangøren sitt spor vert idømt ekstra tid, evt diskvalifisering.

Velkomen til eit høgfjellsmaraton frå Voss til Hardanger - frå Hodnaberg til Holmatun!

Tryggleik

Deltakarkrav

Løpet høver for deg som har god røynsle i vinterfjellet og meistrar å orientera i krevjande forhold. Mange gjennomførte turar med ansvar, fjellkurs, turleiarkurs, opplæring i Forsvaret kan vera relevant røynsle.
Maks 100 deltakarar totalt. Maks antal grunna logistikk og tryggleik.

Eigenerklæring

Kvar deltakar signerer eit eigenerklæringsskjema og eit utstyrssjekkeskjema på løparmøtet.



Strenge krav til deltakarar, crew og arrangørar av Hardinglaup. Foto: Høyde media


Program


Fredag 27. mars: Holmatun
Kl 1400: Registreringa og utstyr-sjekk opnar. Sal av middag.
Kl 1830: Registreringa og utstyr-sjekk avsluttast
Kl 1900: Obligatorisk løparmøte

Laurdag 28. mars:
Kl 0600: Avreise parkeringsplass ved Holmatun med innleigd buss.
Kl 0800: Felles start frå Hodnaberg
Kl 1300: Dei fyrste deltakarane er forventa i mål
Kl 1900: Makstid
Kl 2100: Premiefest i Holmatun med bankett, premieutdeling og skryting og lyging. Pris kr 350. Kjøpast separat.



Vinnarane av Hardinglaup kan kalla seg ekte hardingar. Målfoto: Vegard Breie


Vinstar

Det vert premie til dei tre fyrste i individuell klasse damer og menn.

1. premie: Custom made Harding-ski frå Åsnes
2. premie: 1 par fjellstav og skibag frå Åsnes
3. premie: Kortfell og skibag frå Åsnes

Premie lagklasse:
1. premie: 1 par langfeller mohair til fjellski frå Åsnes
2. premie: 1 par kortfeller RACE til fjellski frå Åsnes
3. premie: 1 par nylon kortfell frå Åsnes

Premiane vert utdelte på premieseremonien i Holmatun.
Det vert også uttrekkspremiar på startnummer!


Vinnarane får ei spesiallaga fjellski type HARDING!



Kontakt

Anvarleg for Hardinglaup er Bygdagnist AS med sete i Øystese i Hardanger. Selskapet vert drive av AK Glück-Teigland med lang røynsle og fartstid innan friluftsliv og utandørs arrangement.

Me ynskjer å fronta nordisk skihistorie gjennom arrangementa.
Crewet elles er rekruttert handplukka frå eige nettverk.

Ta kontakt via skjermbrev ak@hardanger-atgaum.no eller tlf 91394506 ved spørsmål


hardinglaup
holmatun

Restrykcje

Aldersgrense 18 år

Ograniczenia

Arrangøren tilbyd ikkje høve til refusjon av deltakaravgifta.
Tildelt plass kan ikkje overførast til andre.

Åsnes er Noregs største fjellskileverandør og stolt hovudsponsor av Hardinglaup. Åsnes leverer premiar til vinnarane, ei custom made HARDING-ski!
Den ekte og engasjerte banken Sparebanken Vest tek ansvar på Vestlandet og er solid samarbeidspartnar med Hardinglaup
XL Bygg Kvam er kvalitetsleverandør av byggjevare og er lokliasert i Øystese. Dei tilbyd ekspertise innan alt av bygg!
Ekte vare har eit namn: Mo Sport! Ein kvalitetsleverandør av sports- og friluftsutstyr i Kvam
Det nyopna hotellet byd på særskilt gode tilbod til løparane!