Breidablik opp

INFORMACJE O IMPREZIE

Breidablik OPP

Vel møtt til eit tradisjonsrikt motbakkeløp til fjellparadiset Breidablik. Det segnomsuste hytta lokkar til seg ein aukande skjerv av fjellfolk. Kan verdsrekordane på 42:35 og 54:21 stå for fall? Legendene Stian Angermund-Vik iog Anita Iversen Lilleskare nnehar dei offisielle rekordane.
Den lokale handverkaren Bjarne Huse byrja arbeidet med å mura opp bygga allereie i 1968. Nokre år seinare byrja andre lokale heltar å tevla om å springa så snøgt som mogeleg opp.

Verdsmeister Stian Angermund-Vik på veg under rekordløpet i 2018


Trasé:
Løypa er 5,7 km lang og har i underkant av 1000 m stigning. Det er T-merka heile vegen. Mannskapar frå Raude Krossen har utplassert tryggleiksteam undervegs. Les meir om løypa her: https://www.ut.no/tur/2.5086/

Reglar:
Konkurranseklasse:
- Innsjekk frå kl 11, start kl 12.
- Alle løparar må ha sekk på minimum 2,5 kg ved start og i mål. Kontrollveging ved innsjekk på Fete i Fitjadalen og i mål.

Trimklasse:
- Registrering og start mellom kl 10 - 11
- Ingen tidtaking
- Diplom og premie til alle!

Sosial etappe
Premieutdeling kl 17 i Holmatun med utdeling av diplomar til alle, sal av betasupa, kake og kaffi.

Pris:
Konkurranseklasse: kr 400
Trimklasse: kr 150



Målportalen er ei flyboren rot!

To legender: grunnleggjar av Breidablik, Bjarne Huse, flankert av verdsrekordhaldar Stian Angermund-Vik.


Eigen trimklasse for fjellfolk i alle aldrar. Premie til alle!

Store heltar og større heltar. Vinnar av løpet i 2019, Thorbjørn T. Ludvigsen, flankert av debutant og storspringar Jakob Aarekol Botnen.

breidablik
bergenoghordalandturlag
dnt

Restrykcje

Ingen refusjon på kjøpte billettar

Takk til samarbeidspartnarane våre i Sparebanken Vest, XL Bygg Kvam, GBS Entrepenør og Mo Sport AS