Lurkalarm 2018

Arrangementsinformasjon
Default file 1505827216

Lurkalarm er musikkfestivalen Bygdalarm sin trivelige versjon av Norseman – Eit triathlon med fokus på friske, fysiske utfordringar i vestlandsk naturidyll, kombinert med enormt god stemning. Konkurransen er velegna for deg som likar kaldt vatn, motbakkesykling og springing i lett kupert terreng på mjukt underlag. Målet er å samle både dei aller seigaste så vel som dei aller blidaste. Triathlonet er ope for alle og det er førstemann til mølla som sikrar seg plass blant dei 30 individuelle og dei 10 laga (3 per lag) som får plass. Vær kjapp på labben, då Lurkalarm dei siste åra har vore meir enn fulltekna. Me skiljer mellom damer og menn i individuell klasse, medan det i lagklassen er fritt fram for å mikse. Ein må ha eigen sykkel, samt eiga våtdrakt (valfritt) til symjinga.

Hovudvinsten er ein etterkvart særs tradisjonsrik og gjev linjelurk. Ein lurk er ein avskava bjørkekjepp og nettopp denne lurken er av sorten vandre-lurk som vinnaren sjølv må bera 1000 høgdemeter opp på fjellet Skrott før ein får rissa inn namnet sitt. Åstaden for seremonien er naturperla Breidablik. Riss-meister er Anton Froastad.

Trasé: 
Triathlonet startar med symjing i fjorden (omlag 150 meter) frå Øystesetranda til enden av fjøra nedanfor festivalområdet. Etter ein frisk start hiv ein seg på sykkelen og trakkar seg oppover asfalten (5 km langs Fitjedalsvegen) i retning Klypeleitet, som markerer starten på Sogestien og siste etappe. Frå Klypeleitet gjenstår 4 km springing på sti langs vestsida av Fitjedalsvatnet inn til målpassering på Fete innerst i Fitjadalen. Når alle 60 har passert måltreken vert det enkel matservering og utdeling diplom til alle utøvarane på Blekeld.

Tryggleik: 
Raude Krossen (RK) har mannskap på plass i båt på fjorden, samt i fylgjebil langs sykkeletappen. Under springinga har ein mannskap i løypa med enkelt fyrstehjelpsutstyr samt samband med RK. Me oppmodar alle til å ha med seg drikke på sykkeletappen. Langs springeetappen kan ein drikke av bekkar og det vert også delt ut drikke ved målgang.

Innsjekk: I fjøra i Øystese frå kl 17.00 torsdag 5. juli 2018

Start: Kl 1800 presis frå fjøra i Øystese

Premiefest:
Offisiell premieutdeling i Holmatun om kvelden. Her vert det kåring av ”Årets Lurk” og Årets Lurkalaug”. Det vert også quiz og servering av mat og drykk.

Pris:

  • kr 250,- per person
  • kr 600,- per lag


Lurkalarm plar vera fullteikna med både individuell og lagklasse. Foto: Bygdalarm

Tidlegare vinnar Erling Aalvik med lurken høgt heva over hovudet. Foto: Bygdalarm

lurkalarm
bygdalarm
holmatun
triathlon