Holmatunlaupet 2021

Arrangementsinformasjon

Eit heilt nytt laup ser dagens ljos i 2021: Holmatunlaupet! Ein snøgg strid i fjella som omkrinsar den vakre bygda Øystese.

Holmatun stod ferdig i 1927 og har fostra store opplevingar innan kutlrut og idrett og får i 2020 eit eige laup


Løypa

Løypa er 17,7 km og har ein profil på knappe 1000 m stigning. Traséen kombinerer asfalt i bygda, skogsstigar, traktorvegar og fjellterreng. Start og mål er utanfor ærverdige Holmatun. Løypa er delvis merkt og det vil verta brukt mannskapar i felt.

Løypeprofil: http://www.lommekjent.no/turer/961218
GPX-fil: Last ned fila her (ikkje obligatorisk)

18 km og 100 høydemeter stigning omkransa den indre, vakre og nære fjellområda til Øystese

Løypeskildring:

Etter start ved Holmatun i Øystese sentrum går løypa på asfalt gjennom sentrum og opp Torpelia. Bryt av ned mot Laupsadalen. På fin sti i slak stigning opp Laupsadalen mot Myrane. Ein liten asfaltstubbe att forbi Skogheim og Skårsvatnet (Gullfiskdammen). a av på skogsveg opp Skårelie mot Tanndalen vidare mot stølen Blomsete og over på sti mot Hyrting. Det er obligatorisk å sjekka inn. Deretter mot toppen av Soldalsfjellet med nydeleg utsyn ut fjorden før det ber på ned mot Klippe - Døgnope - Selesete og Skisetemarka.Ta av frå traktorveg ned mot Teldalen og Titteråsen. Ned mot bustadfeltet Kyrhagen på asfalt- og grusveg. Ta av mot høgre mot Steinhus og over Svartabrua. Gjennom gymnaset og ungdomskulen ned mot oppløpssida mot Holmatun att.

Nydeleg utsyn frå Hyrting


Klassar


Konkurranseklasse:

- Individuell (herre og kvinne)
- Innsjekk frå kl 11, start kl 12
- Aldersgrense 16 år individuell klasse (må vera fylt 16 år på løpsdagen)
- Aldersgrense 10-16 år i fylgje med vaksen (over 18 år)

Bedriftsklasse:
- Valfri klasse (trim/konkurranse)
- Premie til bedrift som stiller flest personar

Trimklasse:

- Registrering og start mellom kl 09 - 11
- Ingen tidtaking
- Diplom og premie til alle

Det gjev stor glede å ferdas vakker Hardanger-natur!

Pris

Konkurranseklasse: kr 400
Bedriftsklasse: kr 400
Trimklasse: kr 150

Premiefest

Kl 18 opnar dørene i Holmatun for premiefest! Her vert offisiell premieutdeling. I tillegg biletframsyning frå dagen, musikk, quiz og sal av noko å bita i. Fri aldersgrense kl 18 - 20 (premieutdelinga). 18 år frå kl 21 på Holmatun sin Sommarfest.

Vel møtt til premiefest i Holmatun!



holmatun