Hike & Sail

Arrangementsinformasjon
Default file 1509621295

Vel møtt til eit spennande og krevjande tokt som kombinerer segling på Hardangerfjorden med varierte og utfordrande fjellturar til kjende og ukjende turmål langsmed fjorden. Stig om bord på hardangerjakta Mathilde og bli frakta frå hamn til hamn, fjell til fjell. Me ynskjer deg som gjest velkomen om bord til verdas fyrste Hike & Sail i Hardanger! Høver for deg som er sprek og taklar 3 dagar på rad med 1000 m stigning.

Velkomen til fjells! Foto: Erlend Hellingsrud

PROGRAM:

Måndag 25. juni:

Kl 0900: Velkomen om bord på Mathilde.

Føremiddagstokt innover fjorden frå Norheimsund til Naustflot med påfylgjande topptur til Oksen - det velkjende landemerket midt i Hardangerfjorden. Turen til den 1241 m høge risen er ca 10 km t/r. Ein reknar 7 timar totalt frå fjøresteinane til topps og ned att. Terrenget er skogsveg og sti og ikkje eksponert eller krevjande.

Frå Oksen har ein storslått utsikt 360 grader til nesten heile Hardanger, til både fjord og fjell: Samlafjorden, Sørfjorden, Eidfjorden, Granvinsfjorden, fjellområda på Voss og i Hardanger. 

Dukkert i fjorden før middag på dekk. Me ligg til kai på Naustflot.

Utsyn frå Oksen er verd 1241 høgdemeter! Foto: Hardanger åtgaum

Tysdag 26. juni:

Tokt Naustflot - Ænes. Ca 6 timar kor me vonaleg får forhold til å sigla. Innføring i sjømannskap og sannsoger om bord når me kryssar forbi fleire kommunar og bygder på begge sider av fjordarmen.

Middag på dekk om kvelden.

Onsdag 27. juni:

Topptur til Gygrastolen (1345 moh). Turen er om lag 15 km t/r og ca 8 timar totalt. 

Me avsluttar dagen med middag på dekk i overfart til vakre Rosendal.

Vakre fjell med vakkert fjordutsyn. Foto: Erlend Hellingsrud

Torsdag 28. juni:

Siste turdag finst fleire turalternativ basert på ynskje og form. Rosendal har ei rekkje utfordrande fjelltoppar å bestiga i nær omkrins. Dersom ein ynskjer å avslutta med ein føringstur med godkjend klatreinstruktør, koordinerer me det. Aktuelle turmål er den nokså krevjande Melderskin. Alternative enklare turar kan vera Malmangernuten eller Strandeggi. Aktuelle føringsturar kan vera Bjørndalstraversen, Juklevasskruna, Laurdalstind.

Bygda byd også på kulturvandringar i Baroniet, gallerivitjing med lunsj eller leige av havkajakk eller kano.

Avslutting med middag ved kaien i Rosendal.

Fjelltoppar på rekkje og rad. Frå venstre: Melderskin, Laurdalstind og Andersfjell med Bjørndalstindane bakom. Foto: Bjarne Øymyr

For dei ekstra spreke kan Bjørndalstraversen forserast siste dag med klatreførar. Foto: Erlend Hellingsrud

Fredag 29. juni:

Nydeleg frukost på kaien før ein 5-timars tokt attende til Norheimsund med ankomst ca kl 15. For dei som vil vera att i Rosendal og evt reisa på Festidalen i grannebygda Uskedalen, tilrettelegg me for det.

Pris:

Totalptis 8950 kr per pers

Inkluderer:

  • Overnatting på SJ Mathilde
  • Guida tur alle dagar
  • 3 måltid per dag

Tillegg:

  • Overnatting om bord sun – mån: kr 400
  • Klatreførar torsdag: på førespurnad

Depositum på kr 2500 innbetalast ved påmelding. Restbeløpet vert fakturert i etterkant.

Toktet krev minimum 10 deltakarar.
Siste påmeldingsfrist: 23. mai 2018.