Hallingskarvet på langs

Arrangementsinformasjon
Default hardingmarsj


Velkomen til fjells, til den venlege - og stundom brutale - armen mellom Hardanger og Hallingdal: Hallingskarvet. Dette vidgjetne fjellet med den karekteristiske formasjonen og dei mange sogene. Vel møtt til å gå i samla tropp over Hallingskarvet på langs.



HardingMarsjen: Hallingskarvet på langs. Foto: Benjamin Hjorth

Ferdalaget tematiserer fjellskivandring i historisk perspektiv og vil bringa med seg våren i form av blomar og spekjekjøt frå Hardanger til Hallingdal. 

Pris: kr 750 per pers. Inkluderer turleiing og høgfjellssymposium på Finse 1222 kvelden før. Reise, overnatting og middag organiserast og betalast av kvar einskild. 

Overnatting: Booking av rom på Finse 1222 vert gjort direkte til hotellet, booking@finse1222.no. 

PROGRAM:

Måndag 30. april: Høgfjellssymposium

Stad: Peisestova Finse 1222
Tid: Kl 21 - 23

Velkomen til fjells og inn i varmen kor høgfjellet skal heidrast. Fjellferdsel generelt og Hallingskarvet spesielt er tema når fjellfolk i alle fasongar vert inviterte til høgfjellssymposium på Finse. Temadrøs i skjeringspunktet kuriosa/fag. Ein uformell arena med opning for dei grandiose tankane utan krav til svar.


Hallingskarvet - ein mytebasert fjellformasjon som byggjer bru mellom Hardanger og Hallingdal

Program:


 

Tidspunkt
Innlegg
Innleiar
2100
Velkomen!
AK Glück-Teigland, Hardanger åtgaum
2115
Kjartan og kajakken - 10 år med eventyr. Ein hyllest til tundraen og å væra på veg.
Frå kryssing av Canada til Noreg på tvers til sauatrakk frå Fenne til Finse
Kjartan Bergsvåg: padlar, eventyrar og sauebonde
2200
PAUSE

2215
Finse - base for historie og høgfjellskompetanse
Trygve Norman, styreleiar Finse 1222
2250
Utdeling Årets Hallingskarvar
Prisen går til ein som har fronta høgfjellet generelt og Hallingskarvet spesielt. Namnet vert rita inn på ei treski som heng på Finse 1222.

2300
SLUTT


Tysdag 1. mai: Hallingskarvmarsjen


Kl
Innhald
Stad
0600
Sams avmarsj
Finse 1222
1800
Planting av våren
Havsdalen/Slaatta skisenter



Natur og kultur i harmoni. Konsert med Stein Torleif Bjella på Folarskardsnuten 1. mai 2015. Foto: Benjamin Hjorth


Trasé:

Sams avmarsj frå Finse, 1222 moh. Herifrå går det langs kvista trasé i retning Kyrkjedøri og Raggsteindalen. Bryt av sør for Flakavatnet retning Kyrkjedørsnuten. Oppe på om lag 1700 moh går traseen austover mot Hellevassfonni (1868 moh.). Vidare mot turens høgaste punkt – og høgaste fjellet i Buskerud – Folarskardsnuten 1933 moh. Frå her er cruxet på turen, ned i Folarskardet. Det er eit fall på 330 høgdemeter.

Den vakre turen går så vidare i motbakke mot topp 1868 og topp 1905. Turens smalaste parti mellom Storekvelvi og Hyllun vert forsert med varsemd. Så rundar ein Eimeskaret på nordsida og ser mot Prestholtvarden. Deretter bryt ein seg ned i skardet og opp på Skarvsenden. Fyl så ryggen heilt ut til Skarveranden, dalen ned til Skikjelken og via preparert skiløype til skianlegget i Havsdalen. Derifrå fyl ein alpinløypa/transportløypa til Slaatta og målgang på Slaattajordet.

Turen er om lag 50 km og medbringer 1600 høgdemeter stigning.
Kart og nedlastbar GPX-fil finn du på Lommekjent.

Ved ufarbare tilhøve over Hallingskarvet vert alternativ trasé langs foten av fjellet fylgt.



Velkomen til eit høgfjellsmarsj over Hallingskarvet. Kart: Lommekjent.no


Transport:

All transport til Finse går på Bergensbana. Alle tingar billett sjølve.


Tilrådd utstyr:

På kroppen:

1 stk skaljakke
1 stk skallbukse
1 stk ullundertøy, overdel
1 stk ullundertøy, underdel
1 par vindvotter
1 par varme innervottar
1 stk vindtett lue
1 par varme ullsokkar
1 par fjellskisko
1 par fjellski med stålkant
1 par fjellskistavar med brei trinse


I sekken:

1 stk ullundertøy, overdel (i vasstett pose)
1 stk ullundertøy, underdel (i vasstett pose)
1 stk dunjakke (i vasstett pose)
1 par varme ullsokkar (i vasstett pose)
2-3 liter drikke
1 stk personleg førstehjelpsutstyr
1 stk fjellduk/vindsekk
1 par alpinbriller
1 stk spade

Turleiarar:

Turen vert leia av AK og Kristin Glück-Teigland med lang røynsle og fartstid innan friluftsliv og utandørs arrangement.

Me ynskjer å fronta nordisk skihistorie gjennom arrangementsporteføljen til Hardanger åtgaum AS med sete i Øystese i Hardanger. 


Turleiarane ynskjer å gje deg den gode høgfjellsopplevinga på Hallingskarvet. Foto: Benjamin Hjorth


Opplev den fabelaktige marsjen frå 2015:

Samarbeidspartnar er Åsnes - fjellskiprodusent med lang historie.







finse
hallingskarvet
geilo

Restriksjoner

Generelle vilkår: https://www.dropbox.com/s/4uson8nhsii3zt2/GENERELLE%20VILK%C3%85R%20BYGDAGNIST.pdf?dl=0

Ansvarsfraskrivelse

Generelle vilkår: https://www.dropbox.com/s/4uson8nhsii3zt2/GENERELLE%20VILK%C3%85R%20BYGDAGNIST.pdf?dl=0