Bygdalaupet 2018

Arrangementsinformasjon
Default file 1505998339

Bygdalarm + Hardinglaup = Bygdalaup!

Kven vert fyrstemann frå det gamle festivalområdet til det nye? Eit eineståande laup frå Øystese til Norheimsund via toppen av Torefjell.
Vel møtt til eit festivalrace med høgt tempo og mykje åtgaum!

Torefjell - ein majestet som kviler på 1050 moh mellom Øystese og Norheimsund. Foto: AK Glück-Teigland

Trasé:
Løpet er vel 18 km og er ein vertikal kilometer, dvs du får 1000 meter stigning midt i mot. Frå Holmatun går løypa asfalt og grus langs merka veg til Mo - Kjosåslia - Stuve - Nystøl. Derifrå på sti forbi Fagrasete og Flyane før det brattar seg til på veg til topps. Innsjekk på varden 1050 moh. Retur i same trasé, men ein tek av mot Forset og Sjusete. Deretter ny vegetappe forbi Åsheim og Skålheim og vidare ned mot Tolomarka, Norheim og inn i Norheimsund sentrum. Målgang på nye festivalområdet til Bygdalarm!
Sjå trasé og last ned GPS-sporet her.

Vel møtt til 1 vertikal kilometer og 18 km hurtigløp frå Øystese til Norheimsund

Tryggleik:
Raude Krossen har hjelpemannskap utplassert langs løypa
Traséen er delvis merkt med merkeband, piler og pinnar.

Kven vert kongen av Bygdalarm 2018?

Program:
Fredag 6. juli kl 12: PÅMELDINGSFRIST
Fredag 6. juli kl 12-14: Registrering for sjekk av utstyr, samt utdeling startnummer i Holmatun
Fredag 6. juli kl 14: Fellesstart frå Holmatun
Fredag 6. juli kl 17-: Målgang på Bygdalarm sitt nye festivalområde på meieritomta i Norheimsund.

Utstyr:
I sekken skal alle deltakarane ha:
- fullada telefon i vasstett behaldar
- vass- og vindtett bukse og jakke med hette
- hanskar/vottar
- lue
- ekstra ullunderty oppe og nede i vasstett forpakning
- mat til heile turen
- vindsekk, ikkje folie
- fløyte

Pris:
Konkurranseklasse: kr 300
Aldersgrense: 18 år



holmatun
bygdalarm