Breidablik Opp

Arrangementsinformasjon
Default file 1507204616

Breidablik OPP

Vel møtt til eit tradisjonsrikt motbakkeløp til fjellparadiset Breidablik. Det segnomsuste hytta lokkar til seg ein aukande skjerv av fjellfolk. Kan den lokale rekorden på 45:55 frå 2012 stå for fall i år? Den lokale Ingebrigt Ølmheim innehar den offisielle rekorden.
Den lokale handverkaren Bjarne Huse byrja arbeidet med å mura opp bygga allereie i 1969. Nokre år seinare byrja andre lokale heltar å tevla om å springa så fort som mogeleg opp

Fjellparadiset sett frå lufta. Dronefoto: Bergen og Hordaland Turlag

Trasé:
Løypa er 5,3 km lang og har ganske nøyaktig 1000 m stigning. Det er T-merka heile vegen. Mannskapar frå Raude Krossen har utplassert tryggleiksteam undervegs. Les meir om løypa her: https://www.ut.no/tur/2.5086/

Reglar:
Konkurranseklasse:
- Innsjekk frå kl 11, start kl 12.
- Alle løparar må ha sekk på minimum 2,5 kg ved start og i mål. Kontrollveging ved innsjekk på Fete i Fitjadalen og i mål.

Trimklasse:
- Registrering og start mellom kl 10 - 11
- Ingen tidtaking
- Diplom og premie til alle!

Pris:
Konkurranseklasse: kr 300
Trimklasse: kr 150

Målportalen er ei flyboren rot!



Breidablik er eit mykje vitja turmål og ligg på over 1200 moh mellom Fitjadalen og Hamlagrø.

breidablik
bergenoghordalandturlag
dnt