Bike & Sail

Arrangementsinformasjon
Default file 1508229554

Velkomen om bord på vidgjetne SJ Mathilde for verdas fyrste Bike & Sail Hardanger. Me vil gje deg det beste frå fjordkulturen om bord på skuta og dei venaste delane av Hardanger frå sykkelsetet. Lokalkjend guide syner deg løynde perler i det spektakulært grøderike blømingslandskapet.

Stig om bord på hardangerjakta Mathilde og opplev det beste frå fjordkulturen i Hardanger.

PROGRAM:

Torsdag 10. mai:

Kl 0900: Velkomen om bord
Kl 0930: Morgontokt til Jondal
Sykkeltur: Jondal – Aga (53 km)
Den nasjonale turisvegen mellom Jondal og Utne byd på fryd for augo. Vegen snor seg langsmed fjorden. Den vakre bygda Herand vert passert, det same med det gamle knutepunktet Utne. Dette er svært lite trafikkert og er ei løynd perle i Hardanger.
Kveldsvandring i klyngetunet på Aga. Tilbod om omvisning i lagmannstova

Fredag 11. mai:

Morgontokt til Lofthus
Sykkeltur: Lofthus – Ulvik (41 km)

Me legg ein etappe gjennom sjølvaste sentrum av bløminga i Hardanger. Dei grøderike bakkane på Lofthus høver svært godt for fruktdyrking og medio mai eksploderer det. Få stader i landet harstørre tettleik av epleblomar enn her. Ferda går vidare over Hardangerbrua og inn fjorden til Ulvik – som også er i full blom.
Middag og sosialt om bord på skuta 
som ligg til kai i Ulvik sentrum.

Opplev bløminga langs verdas vakraste fjord. Foto: Sverre Hjørnevik

Laurdag 12. mai:

Sykkeltur: Siderruta og Osa (11 km)

Den einaste frukt- og siderruta i Noreg finn du i Ulvik i Hardager. 3 gardar – mange opplevingar. Lekve gard, Syse gard og Hakestad tek alle imot grupper for omvisningar og smaksprøvar og legg vekt på å gje ulike opplevingar. Vidare trakkar me innover løynde vegar mot Osa - den vesle bygda med den spennande historia. Her var planlagd storvegs industriutbygging på tidleg 1900-tal og restane frå dei tidlege vyene ser me att i landskapet.

Siste kveld om bord ligg me ved kai i Osa og nyt eit betre måltid.

Fjordutsyn til Osafjorden frå kaien i Osa. Foto: Hardanger åtgaum

Sundag 13. mai:

Tokt: Osa - Norheimsund

Sjømannslivet vert testa når me siste dagen siglar frå Osa til Norheimsund.


Pris: 

Totalpris kr 8950. 

Inkluderer:

  • Overnatting på Mathilde
  • Guida tur alle dagar
  • 3 måltid per dag
  • Sykkeltransport

Tillegg:

  • Overnatting om bord ons – tors: kr 400
  • Sykkelleige: kr 1000 totalt for alle dagar ink hjelm og lås. 

Depositum på kr 2500 innbetalast ved påmelding. Restbeløpet vert fakturert i etterkant.

Bike & Sail er eit samarbeid mellom Hardanger fartøyvernsenter og Hardanger åtgaum AS.

Turen krev minimum 10 deltakarar for å gjennomførast.
Siste frist for påmelding: 12. april.