Hardinglaup 2021

EVENT INFORMATION







--------


ALLE MANN TIL HARDANGER!


Er du robust nok til å takla høgfjellet på vinterstid åleine utan sikt?
Har du røynsle frå lange turar på fjellski i umerka høgfjellsterreng?
LES ALL INFOEN UNDER OG MELD DEG PÅ - ÅLEINE ELLER PÅ LAG!

FYLG MED PÅ DELTAKARPRESENTASJON OG ANNA MORO PÅ HARDANGER ÅTGAUM SI FB-SIDE

Sjå filmen frå løpet i 2017 og få inspirasjon!


Hardinglaup

Velkomen til verdas einaste klassiske langlaup på fjellski! Det finst fleire ferdselssleper mellom hardingane og vossingane. Dette løpet er av dei lengste og mest krevjande. Motbakkar, tronge dalar, vekslande føre, kvasse utforkøyringar. Her krevst nøyaktig orientering og fjelldugleik for å gjennomføra. Traseen byggjer ei brutal, men venleg bru mellom Hardanger og Voss. 

Tida er no inne for å tilby fjellfolk i Noreg ein ekte kappestrid. Velkomen som deltakar på hardinglaupet mellom Voss og Hardanger. Hardinglaupet markerer starten på ein ny type skirenn i Noreg: dagslanglaup på fjellski i umerka løyper i høgfjellet med strenge krav til deltakarar. Desse krava til deltakarar fordrar også strenge krav til arrangør.



Umerkt og krevjande høgfjellsterreng byd på solid utfordring. Foto: Vegard Breie

Haringlaup byd på kvasse utforkøyringar


Ta turen på lag med ein god ven og del utfordringa! Foto: Vegard Breie

Klassar

Løpet høver for deg med solid høgfjellsrøynsle. Du bør kunne visa til dokumenterbar røynsle innan høgfjellsferdsel og trivast med å orientera i høgfjellet utan sikt. Påmelding og betaling direkte.

Individuell:

- herre og dame

Lagklasse:

- 2 personar. Alle skal gå heile traséen og koma i mål samla. Ingen kjønnsklasse.
- 3 personar. Alle skal gå heile traséen og koma på sjekkpunkt og i mål samla. Ingen kjønnsklasse.

Aldersgrense: 18 år

Deltakaravgift

Individuell klasse: 1500 kr per pers

Lagklasse 2 pers: 2600 kr per lag

Lagklasse 3 pers: 3300 kr per lag

Prisen inkluderer:

- deltaking i verdas einaste ultramaraton på fjellski!
- transport frå Øystese sentrum til start Sjusete arrangementsdag
- dusjfasilitetar og garderobe ved målgang
- mat og drikke ved målgang
- deltakarpremie og inngang premiefest på Gamlekinoen på Voss
- satellittbasert sporingseining
- tryggleikshandsaming frå handplukka personell.

Vilkår

Påmelding til løpet skjer direkte på nettsida.

Terskelen for avlysing er høg og kostnadane for arrangør ved gjennomføring og avlysing er like. Arrangøren har såleis ikkje høve til refusjon av deltakaravgifta.

Tildelt plass kan ikkje overførast til andre.

Overnatting

Me tilbyd overnatting med suvlig frukost i Holmatun natt til løpsdagen. Kr 500 per pers. Ta med sovepose og liggjeunderlag. Kan kjøpast ved påmelding.

Me har ein flott bukett med tilbydarar av husrom i bygda med sjel og særpreg. Alle ligg sentralt og har svært gode fasilitetar. Ta kontakt med dei direkte!
Hardangerfjord hotel: https://hardangerfjord-hotel.no/no/
Mo gardsferie: http://www.mogardsferie.no
Vetlemyrane gard: http://www.vetlemyrane.no
Sjøtunet: http://www.sjotunet.no
Hardanger Feriesenter: http://www.hardanger-resort.com

Trasè

Starten av løpet går frå skianlegget på Sjusete. Herifrå går det bratt opp Norheimsdalen, Kalderassen, Svartavatnet og Myklavatnet. Frå Myklavatnet vidare inn i krevjande høgfjellsterreng langs dalstroka inn i Søre Fugladalen, over Øvre Fugladalsvatnet og Fossavatnet.

Vidare derifrå langs sommartraséen (T-merka) N for Geitafjell. Ned mot stølane i Søre Hamlagrø over Hamlagrøvatnet mot Kyrkjeviki og opp mot Blåkollvatnet. Opp derifrå langs T-merka sommartrasé. Over Løkjesdalstjørnane. Brutalt bratt ned i Løkjesdalen. Fylg instruks til utplassert mannskap. Opp over Sveindalseggi og over Sveindalsnuten. Vidare over topp 873 og ned til Hodnaberg.

Cut-off ved Hodnaberg kl 13 presis. Ferda går vidare opp til Kvålsdalen, over Torfinnsvatnet retning Grøno. Opp mot Slåttebakkatjørni. Derfifrå fylgjer ferda vidare i kvista løype over Gråsida til Hindartveit. Her lyt ein mogelegvis hiva skia på sekken og byta over til joggesko (valfritt) og vandra til fots siste kilometrane inn til Vossevangen. Fyrst ut traktorvegen til Gjelle. Så ned Giljavegen og snarvegane ned til Vikjavegen. Gjennom Gjernes, over Tintrabrua, gjennom Presegardsmoen og målgang utanfor Gamlekinoen på Voss.

GPS-spor

Alle deltakarar pliktar å fylgja same løype og skal lasta ned og leggja inn GPX-fil på førehand.
Sporet kan du også gjennomgå på nett: www.gps3d.no/plot/plot.html?gpxfile=genref5f7c7b9dcda63

Ferdsel som går vesentleg utanfor arrangøren sitt spor vert idømt ekstra tid, evt diskvalifisering.


Velkomen til eit høgfjellsmaraton frå Hardanger til Voss!

Tryggleik

Deltakarkrav

Løpet høver for deg som har god røynsle i vinterfjellet og meistrar å orientera i krevjande forhold. Mange gjennomførte turar med ansvar, fjellkurs, turleiarkurs, opplæring i Forsvaret kan vera relevant røynsle.
Maks 100 deltakarar totalt. Maks antal grunna logistikk og tryggleik.

Eigenerklæring

Kvar deltakar signerer eit eigenerklæringsskjema og eit utstyrssjekkeskjema på løparmøtet.



Strenge krav til deltakarar, crew og arrangørar av Hardinglaup. Foto: Høyde media


Program


Fredag 19. mars: Holmatun
Kl 1400: Registreringa og utstyr-sjekk opnar. Sal av middag.
Kl 1830: Registreringa og utstyr-sjekk avsluttast
Kl 1900: Obligatorisk løparmøte

Laurdag 20. mars:
Kl 0500: Avreise parkeringsplass ved Holmatun med innleigd buss.
Kl 0600: Felles start frå Sjusete
Kl 1300: Dei fyrste deltakarane er forventa i mål
Kl 1300: Cut-off på Hodnaberg. Skyss til Voss.
Kl 1900: Makstid
Kl 2000: Premiefest i Gamlekinoen på Voss med premieutdeling, skryting, lyging og bar



Vinnarane av Hardinglaup kan kalla seg ekte hardingar. Målfoto: Vegard Breie


Vinstar

Det vert premie til dei tre fyrste i individuell klasse damer og menn.

1. premie: Custom made Harding-ski frå Åsnes
2. premie: 1 par fjellstav og skibag frå Åsnes
3. premie: Kortfell og skibag frå Åsnes

Premie lagklasse:
1. premie: 1 par langfeller mohair til fjellski frå Åsnes
2. premie: 1 par kortfeller RACE til fjellski frå Åsnes
3. premie: 1 par nylon kortfell frå Åsnes

Premiane vert utdelte på premieseremonien på Gamlekinoen.
Det vert også uttrekkspremiar på startnummer!


Vinnarane får ei spesiallaga fjellski type HARDING!



Kontakt

Anvarleg for Hardinglaup er Bygdagnist AS med sete i Øystese i Hardanger. Selskapet vert drive av AK Glück-Teigland med lang røynsle og fartstid innan friluftsliv og utandørs arrangement.

Me ynskjer å fronta nordisk skihistorie gjennom arrangementa.
Crewet elles er rekruttert handplukka frå eige nettverk.

Ta kontakt via skjermbrev ak@hardanger-atgaum.no eller tlf 91394506 ved spørsmål


hardinglaup
holmatun

Restrictions

Aldersgrense 18 år

Waiver

Arrangøren tilbyd ikkje høve til refusjon av deltakaravgifta.
Tildelt plass kan ikkje overførast til andre.

Åsnes er Noregs største fjellskileverandør og stolt hovudsponsor av Hardinglaup. Åsnes leverer premiar til vinnarane, ei custom made HARDING-ski!
Den ekte og engasjerte banken Sparebanken Vest tek ansvar på Vestlandet og er solid samarbeidspartnar med Hardinglaup
XL Bygg Kvam er kvalitetsleverandør av byggjevare og er lokliasert i Øystese. Dei tilbyd ekspertise innan alt av bygg!
Ekte vare har eit namn: Mo Sport! Ein kvalitetsleverandør av sports- og friluftsutstyr i Kvam